AddToAny

Når tala fortel mange historier

Når tala fortel mange historier
Menn produserer dobbelt så mange vitskaplege publikasjonar som kvinner. Det er i alle fall den tradisjonelle antakinga. Spesialrådgjevar og stipendiat Lynn Nygaard ved PRIO utfordrar denne påstanden i sin nyaste artikkel.
Mange går ut frå at menn publiserer mykje meir enn kvinner, men kva skjer når du ser litt nøyare etter? Lynn P. Nygaard har undersøkt kva som blir talt med. Påverkar stilling, publiseringsform, medforfattarskap eller fagbakgrunn kjønnsforskjellar i produktivitet?

Forskarar har sidan 1970-talet undersøkt kjønnsforskjellane på produktivitetsnivået frå forskarar. Dei siste 40 åra har resultatet vore konsistent både nasjonalt og internasjonalt: Menn publiserer om lag 50 prosent meir enn sine kvinnelege forskarkollegaar. Dette har blitt grunngjeve med at kvinner prioriterer annleis, har andre preferansar, er perfeksjonistar på forskinga si, eller rett og slett at dei tar mindre risiko når det gjeld publisering.

I 2015 utfordra Kristoffer Rørstad og Dag W. Aksnes ved NIFU denne konklusjonen om kjønnsgapet, og viste til at posisjon har mykje meir å seie for produktiviteten enn det kjønn har. Det er fleire kvinner i botn av det akademiske stillingshierarkiet, og fleire menn i toppen, der det blir produsert mest. No har også Lynn Nygaard ved PRIO, saman med Karim Bahgat, nyansert bildet ytterlegare.

Berre artiklar undersøkt

Dei har denne hausten gitt ut artikkelen What's in a number? How (and why) measuring research productivity in different ways changes the gender gap. I artikkelen tar forfattarane sikte på at måten du målar produktivitet på, endrar resultatet på forskjellen mellom kvinner og menn.

- I samanheng med at eg jobba med doktorgraden min, blei eg nysgjerrig på kvifor menn tilsynelatande produserer 50 prosent fleire publikasjonar som kvinner. Kva og kven blir målt? Ofte var det ikkje spesifisert. Er det heile universitetet, eller er det seniorstaben som blir målt? Dette var ganske uklart. Det viste seg at det som blei måla, stort sett berre var vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift, seier ho.

Bokkapittel blir ikkje talde med

Nygaard og Bahgat studerte eit norsk samfunnsvitskapleg institutt for å finne ut om kjønnsgapet verkeleg er slik som det blir presentert. Dei samla statistikk som gjekk over fem år, og som i datasettet inkluderte 91 forfattarar og 879 publikasjonar. Funnet er at ulike målingar gir ulike svar på kjønnsforskjellane: Bildet er altså langt meir komplekst enn at menn produserer 50 prosent meir.

Eit av funna er at kvinner har ein meir variert publiseringspraksis enn menn. Dei publiserer oftare i bokkapittel, noko som ikkje kjem fram dersom ein berre målar reine artiklar.

- Mange resultat spriker -

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt