Mannlege studentar ved Høyskolen Christiania vurderte likevel Hanna som ein dårlegare leiar, ein dårlegare forelder og ein mindre sympatisk og grei person enn Hans. Dei kvinnelege studentane vurderte karrierekvinna og karrieremannen etter same standard i undersøkinga som blei gjort i 2015.
Aukande debatt
Implicit bias er eit uttrykk vi høyrer stadig oftare. På godt norsk kallar vi dette for stereotypiar, fordommar eller forutinntatte haldningar. Bias finst både i akademia og i næringslivet, skal vi tru grunnleggarane av #Hunspanderer-kampanjen:
Implisitt bias handlar om at vi vurderer menneske ulikt utan å vite det.
- Implisitt bias handlar om at vi vurderer menneske ulikt utan å vite det. Alle har forventningar og assosiasjonar basert på kjønn, nasjonalitet, hudfarge, alder, funksjonsnivå, og så vidare, fortel Marie Louise Sunde, som er kirurg og leiar av #Hunspanderer.
#Hunspanderer har mellom anna foredrag for bedrifter om kjønnsubalanse og implisitt bias.
Kvinner blir undervurderte
Marie Louise Sunde og medgrunnleggar Isabelle Ringnes synest det er interessant at dei norske studentane i 2015 svarte relativt likt som studentar ved Harvard gjorde på byrjinga av 2000-talet.
- Vi har altså ikkje kome så langt som vi trur, seier Isabelle Ringnes.
- Det er gjort ein god del internasjonal forsking som viser at vi ubevisst overvurderer menn sine eigenskapar, og undervurderer kvinner. I akademia har forsking tyda på at menn får meir anerkjenning for publikasjonar og at deira meiningar blir vektlagt meir. Dette kan forklare ein stor kjønnsubalanse i næringsliv og i akademia.
Kjønn på veg ut
Ikkje alle let seg overtyde av bias-fenomenet. Kritikarar har stilt spørsmål ved om omgrepet har blitt akseptert for