Med Høgskulen på Vestlandet (HVL) som eksempel vil eg hevde at sektoren vår, litt slik som samfunnet elles, er blitt for hierarkisk og for rigid topp-ned organisert og styrt. Resultatet er at universitet og høgskular (UH-sektoren) er blitt tungrodde og for lite operative. Når ein bygger frå toppen-og-ned så er det også ein fare for at byggverket vaklar.
Institusjonar i UH-sektoren er organisert hierarkisk med mange ledd, med eit rektorat og eit styre på toppen, fakulteta på nivå 2, og eit nivå 3 med institutta som kan ha underdelingar i seksjonar o.l. Denne forma for organisasjon skapar eit tydeleg hierarki.
Slike organisasjonshierarki, spesielt i institusjonar som skal bygge på fagtilsette sitt engasjement og initiativ for å kunne levere gode resultat, må balanserast aktivt for å sikre rasjonell bruk av ressursar, og effektivitet.
Det er jo eigentleg litt merkeleg at denne hierarkiske forma for organisering har fått utvikle seg i akademiske organisasjonar som er såpass avhengig av forskarar og undervisarar sin autonomi og hjernekraft for å kunne fungere. Kanskje storleiken på moderne universitet og høgskular har gjort at vi bør reformera denne organisasjonsforma? Avstanden frå operativ til strategisk leiing i akademia er i alle fall blitt veldig lang.
Styret må kjenne sin plass i organisasjonen. I ein akademisk institusjon kan ein ikkje styre som i næringslivet, men ein må drive leiing på alle nivå i sin eigentleg forstand. Korleis? Gjennom å skape gode rammer for utdanning og forsking, og sikre tilstrekkeleg tilsett- og studentdemokrati. Styret skal levere sin del av dette gjennom å vedta strategiar og budsjett, planar av ymse slag, og prinsipp for organisering og for tildeling for fagleg og administrativ aktivitet.
Styret skal altså vera systemfokusert, ha fokus på overordna planar og prinsipp for �


































































































