AddToAny

Menn blir oftare lurt av placebo enn kvinner

Menn blir oftare lurt av placebo enn kvinner
Først på 1990-talet begynte forskarar for fullt å inkludere begge kjønn i helseforsking. Likevel har eit mindretal sett direkte på kjønnsforskjellane. Sara Magelssen Vambheim har funne kjønnsforskjellar i si avhandling om smerte.
Sara Magelssen Vambheim leverte nyleg doktorgradsavhandlinga si i kjønnforskjellar i smerte, smertefrykt og placebo ved UiT Norges Arktiske Universitet. Prosjektet blei planlagt på bakgrunn av funn av placeboeffektar i laboratoriet ved universitetet.

Vambheim ønskte å undersøke dette nærmare. Var det biologiske eller psykologiske mekanismar? Var forskjellane systematiske? Ho begynte å gjere eksperiment.

Testa med varmesmerte

Unge, friske respondentar i alderen 18 til 40 fekk underarmen sin kopla opp til eit instrument som gav forsøkspersonane varmesmerte.

- Alle forsøkspersonar deltok på same vilkår, der vi undersøkte underliggande effektar av placebo. Smerta blei målt med verbal rapport og gjennom respons frå hjernen ved at deltakarane hadde 32 elektrodar på hovudet. Datafila registrerte ein markør for når smerta blei gitt, fortel Vambheim.

Våre funn tyder på at det er lettare å utløyse placeboeffektar i menn.

Med maksimalt fem dagars intervall var alle med i to ulike grupper: Ei kontrollgruppe og ei placebogruppe. I kvar gruppe blei smerte gitt i tre testar. I placebogruppa fekk deltakarane to kapslar utan aktive virkestoff, som dei svelgde med eit glas vatn. Dei fekk beskjed om at kapslane effektivt ville redusere smerta.

- Vi spurde såleis deltakarane om å rapportere om nivået på smerta og stress på ein skala frå null til ti. Resultatet viste at placebobehandlinga reduserte verbalt rapportert smerte og stress, og dette gav også utslag på hjerneresponsen - men berre hos menn. Hos kvinner gav det ingen slik respons, seier Vambheim.

Lurt på ulike måtar

Funnet stemmer med tidlegare forsking. Når Vambheim og teamet samanfatta litteraturen på området, fann dei også kjønnsforskjellar i noceboeffekten: Kvinner responderte meir på nocebobe

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt