- Etter å ha sett ei jamn stigning i talet norske studentar i utlandet over fleire år, ser vi no ein nedgang. For gradsstudier er det fjerde året talet går ned, medan det for delstudier har vore ganske stabilt fram til det siste året, seier Nina Schanke Funnemark, administrerende direktør i Lånekassen, i ei pressemelding.
Forventar nye grep i stortingsmelding
Både ANSA (Association of Norwegian Students Abroad) og Norsk studentorganisasjon (NSO) reagerer på den negative utviklinga.
Dette har det blitt jobba systematisk for dårleg med over tid. Hanna Flood President i ANSA
Dei to organisasjonane meiner regjeringa må ta grep dersom dei ynskjer å nå målet sitt om at 20 prosent av studentane som vert uteksaminerte innan 2020 skal ha tatt delar av grada si i utlandet - eit tal regjeringa på sikt vil auke til 50 prosent.
- Det er særleg tre problem fleire av våre medlemmar trekk fram: Den uoversiktlege støtteordninga for skulepengar, dårleg informasjon og utryggleiken knytt til om dei får godkjent ut