Bok og bibliotek
06.06.2021

Men det er ikkje den revolusjonære fanfaren som lyder nå; historiegeografen Terje Tvedt ser i si bok
Verdenshistorie. Med fortiden som speil at dagens Kina er ei imperiemakt på frammarsj, og at situasjonen derfor ikkje er så utmerka lenger for det ein gong så suverene Vesten. Tvedt trur rett nok ikkje at vestlege land er i ferd med å søkke i havet; aller minst har han tru på at USA snart vil tre tilbake som stormakt. Men han teiknar eit bilete av Vesten som ein verdsdel i krise, som ein gong for alle har mista sin dominerande økonomiske, politiske og militære posisjon.
Tvedt set seg som mål å demontere «store teorier» - historiefilosofiske syntesar - og teikne eit upolitisk, nøytralt bilete av verdshistoria, frå den første sivilisasjonen ved Eufrat og Tigris (den babylonske), fram til dagens globale makter og rivaliseringa mellom tilårskomne og nyare imperium, men grip sjølv til nettopp luftige begrepsdanningar som den ahistoriske termen imperium, som svever over det like evige og uforanderlege vatnet. Fjørkreet har lite til sams med Minervas ugle. Men som erfaringa har vist: Det finst andre faglege fallgruver enn dei Tvedt åtvarar mot. Førestillinga om politisk eller etisk nøytralitet innan samfunnsfag er ein illusjon, ein positivistisk1 kamuflasje som lett fell av i konfrontasjonen med realhistoria. Boka er da også ute i open polemikk mot konkurrerande retningar, dei vere seg spekulativ-idealistiske (Hegel, Fukuyama), marxistiske eller kultursosiologiske (Max Weber). Forfattarens politiske agenda er like openberr her som i tidlegare Tvedt-publikasjonar, og på typisk vis er boka i samarbeid mellom forlag, Nasjonalbiblioteket og presse lansert med trommer og trompetar, som var den siste nytt frå Den heilage nasjonale ande.
Den verdshistoriske pretensjonen hans er dessutan for pompøs til å tole konfrontasjonen med det heller smålåtne sluttproduktet på rundt 400 sider, spesielt ikkje når mange viktige og sterke makter, så som Russland, Japan og Tyskland, ikkje eingong får lov til å
1 Positivisme: trua på at naturvitskaplege ideal og metodar også gjeld for samfunnsvitskapen.
vere med. Og når først Asia speler ein så viktig rolle i Tvedts «eurokritiske»
univers, er det oppsiktsvekkande at det første asiatiske industrilandet, Japan, kort og godt er radert ut av heile opplegget hans. Spesielt overtydande er det heller ikkje at Tvedt omkransar si påståtte nytolking av «de store linjene» i historia med vakre, pretensiøse språkblomar, så som «i møte med tidens evige strøm», «denne fortidas evige dobbelthet» og «refleksjon over verdens fortid og nåtid.» Med sin subjektive konstruksjon og knappe format, med sitt selektive preg og med si vekt på metodespørsmål, står Med fortiden som speil fram berre som eit større essay. Domen over resultatet blir da avhengig av kor godt Tvedt grunngir den sentrale tesen sin, som har med spørsmål omkring den industrielle revolusjon å gjere.
Indus
Gå til medietTvedt set seg som mål å demontere «store teorier» - historiefilosofiske syntesar - og teikne eit upolitisk, nøytralt bilete av verdshistoria, frå den første sivilisasjonen ved Eufrat og Tigris (den babylonske), fram til dagens globale makter og rivaliseringa mellom tilårskomne og nyare imperium, men grip sjølv til nettopp luftige begrepsdanningar som den ahistoriske termen imperium, som svever over det like evige og uforanderlege vatnet. Fjørkreet har lite til sams med Minervas ugle. Men som erfaringa har vist: Det finst andre faglege fallgruver enn dei Tvedt åtvarar mot. Førestillinga om politisk eller etisk nøytralitet innan samfunnsfag er ein illusjon, ein positivistisk1 kamuflasje som lett fell av i konfrontasjonen med realhistoria. Boka er da også ute i open polemikk mot konkurrerande retningar, dei vere seg spekulativ-idealistiske (Hegel, Fukuyama), marxistiske eller kultursosiologiske (Max Weber). Forfattarens politiske agenda er like openberr her som i tidlegare Tvedt-publikasjonar, og på typisk vis er boka i samarbeid mellom forlag, Nasjonalbiblioteket og presse lansert med trommer og trompetar, som var den siste nytt frå Den heilage nasjonale ande.