- Dette dokumentet er lite verdt, dersom det berre er eit dokument. Derfor har eg invitert meg sjølv rundt på møte med alle institutta. Verdien av eit slikt dokument aukar om det blir diskutert. Det sa dekan Frode Helland då han i dag starta diskusjonen i fakultetsstyret om ny strategi for mangfald og likestilling 2020-23 på Det humanistiske fakultetet.
HF-dekanen viste til at det hadde vore ein fleire medieoppslag om strategien.
- Det har vore ein del interesse i pressa. Og me har lagt ved ein del artiklar saman med saksdokumenta. Og seinast skreiv Uniforum om det i går kveld, trekte han fram.
Først ute med kritikken var biologiprofessor Kristian Gundersen. I eit debattinnlegg i Aftenposten spurte han «Er det humanistiske fakultet en pøl av hatprat som det må handles mot? Kritikken fekk fakultetet til å endra på fleire av punkta i det opphavlege forslaget, slik at ytringsfridom blei eit punkt medan målet om å ha eit sosial inkluderande miljø, blei eit anna.
I svaret frå dekan Frode Helland og dei to prodekanane Mathilde Skoie og Gunn Enli i Aftenposten slo dei tilbake mot kritikken frå Kristian Gundersen.
"Ytringsfriheten er altså nevnt i handlingsplanen nettopp for å sikre den. Videre er det nevnt for å understreke at noe av poenget med en handlingsplan for mangfold er nettopp å jobbe for økt mangfold, også i form av ytringsmangfold", stod det i innlegget.
For filosofiprofessor Jens Saugstad var ikkje det nok. "- Handlingsplanen framstår som et forfer