Uniforum
06.09.2023
Klokka 10.00 i formiddag startar haustsemesterets første møte i Universitetsstyret. Molekylærmedisin og livsvitskap er to av sakene som kjem opp.
Denne gongen er handsaminga av vidareutviklinga og reorienteringa til Norsk senter for molekylærmedisin truleg den mest interessante saka. Den blir handsama bak stengde dører. Eit bilete av kva det vil handla om, får me kanskje gjennom senterdirektør Janna Saija Saarelas innlegg om status for senteret i den opne delen av møtet. To nye studentrepresentantar og ein ny representant for dei mellombels vitskaplege tilsette er komne til sidan det førre møtet i juni. Dei nye medlemane er postdoktor Isabel Viola Kreis, som i vår vann valet mot fem andre kandidatar, og dei to studentrepresentantane Solveig Martha Tynkkynen og Sivert Arntzen. Også regjeringa sitt vedtak om å innføra studieavgifter for utanlandsstudentar frå land ut
Les mer