Den norske tannlegeforenings Tidende
18.06.2020
502 Universitetet i Oslo skal føra vidare forskingssatsinga på livsvitskap fram til 2025. Det vedtok universitetsstyret 5. mai, skriv Nettavis for Universitetet i Oslo, Uniforum.
- Det viktigaste me kan læra er å fylgja tilrådinga den internasjonale gruppa føreslår når det gjeld å få utvikla dei tverrfaglege konvergensmiljøa endå meir, seier direktør Carl Henrik Gørbitz i UiO:Livsvitskap i ein kommentar til evalueringsrapporten.
Les merBakgrunnen for vedtaket er ei internasjonal evaluering som trekkjer fram at SPARK-Norway-programmet er den viktigaste innovasjonen livsvitskap står bak. Dette er eit nyskapingsprogram der forskarar som har innovasjonsprosjekt med kommersielle sjansar, kan få oppfylging og hjelp til å byggja opp eit nettverk i løpet av to år. Tverrfagleg utdanning er førebels på planleggingsstadiet, og det har heller ikkje kome heilt i mål når det gjeld tverrfagleg samarbeid, går det fram av evalueringa.
Det er likevel