AddToAny

Likestillingstrategen Hege Skjeie

Likestillingstrategen Hege Skjeie
Ein av våre viktigaste pionerar innan likestilling er død. Kva lærte Hege Skjeie oss? To dagar før nasjonaldagen fødast ho som skulle bli Noregs første kvinnelege professor i statsvitskap. Året er 1955.
Som 45-åring får Hege Skjeie opprykk til professorstilling ved Universitetet i Oslo, og blir såleis historisk.

I oktober døyr ho, berre 63 år gamal. Kva betydning har Hege Skjeies liv og forsking fått for norsk likestillingspolitikk, og korleis vil vi hugse henne?

Hege forska på spørsmål som var direkte relevante for politikk og politikkutvikling.

Statsvitskapen undersøker politiske strukturar, samanhengar, system og ideologiar. Inni dette ligg analyser av makt. Makt var noko Skjeie var spesielt opptatt av, og ho bidrog til bøker om elitar og kjønn, mellom anna Norske makteliter (2010) og Menn imellom (2003).

Skjeies forsking viste at så og seie alle sektorar i Noreg var mannsdominerte på toppnivå. I Forsvaret var mannsdominansen på 100 prosent. I næringslivet på 96 prosent, i politi- og justisvesenet på 93 prosent. Skjeie dokumenterte at elitene var kjønna, og at kvinnene stod langt unna makta i Noreg.

Rettleiaren

I rapporten Mannsdominans og likestillingsentusiasme frå 2002 fann Skjeie og resten av forskarane ut at makteliten ønska likestilling, men at dei hadde få framlegg til tiltak når det kom til deira eigne sektorar.

- Hege forska på spørsmål som var direkte relevante for politikk og politikkutvikling, som bruk av kvotering, kjønnsfordelinga i norske maktelitar, korleis likestillingsarbeid er institusjonalisert, fortel Beret Bråten.

- Ho nøgde seg sjeldan med å berre forske. Forskinga skulle nyttast også utanfor akademia.

Bråten jobbar på partikontoret til Arbeiderpartiet på 90-talet då ho las forskinga til Hege Skjeie om kvotering, og tok det inn i partiprogrammet. Ho bestilte også avhandlinga til Skjeie, «Den politiske betydningen av kjønn», og brukte denne i sitt arbeid.

Dette var før Bråten sjølv fekk interesse for forsking. Skjeie skulle seinare bli rettleiaren då Bråten skreiv doktorgrad.

- Ho var den beste rettleiaren eg kunne ha hatt. Direkte, krevjande, kreativ, analytisk og givande å diskutere med. Ho sløste ikkje med ros. Når ho sa at noko var bra, var eg heilt trygg på at det var det.

Professoren

På 1980-talet var Hege Skjeie særleg opptatt av kvinner og politikk. Som forskar undersøkte ho lokalpolitikken i Noreg, og kjønnsfordelinga innad i partileiinga. Mens nasjonalpolitikken i Noreg hadde ein kjønnsbalanse på 40/60 kvinner og menn, kunne norske kommunestyrer framleis ha den same kjønnsbalanse som dei hadde hatt på 1960-talet.

Professoren var ikkje berre opptatt av kjønn. Ho peika på at klasse, religion og etnisk bakgrunn også var grunnlag for diskriminering og forskjellsbehandling. Derfor var interseksjonalitet - det at diskriminering kan samvirke på ulike grunnlag - eit omgrep Skjeie nytta i si forsking.

H

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt