Advokatbladet
12.10.2016
Heilt frå eg tok embetseksamen i 1979 har eg hatt meir eller mindre dårleg samvit på grunn av manglande lesing av fagtidsskrift; Rt, RG, JV, LoR, TfR, Juristkontakt etc.
Advokaten blir skumma på fem minutt den dagen det kjem i posten, men blir så lagt bort. «Har ikkje tid. Kjem tilbake til deg».
Men: Denne helga letta eg litt på samvitet: Eg tok fram bunken med Advokatbladet / Advokaten frå slutten av 2014, heile 2015 og godt ut i 2016 og starta å lesa.
Lesinga tok timevis, men det var kjekt! Noko var


































































































