Uniforum
01.06.2021
Valstyret og UiO sentralt bør læra til neste styreval, og ikkje leggja debattmøtet til ein dag midt under valet. Då vil det bli lettare tidleg å setja seg inn i kva dei ulike kandidatane står for.
Denne veka opna valet som vil avgjera kven som skal få fire av dei 11 plassane i Universitetsstyret. Den eine valde plassen er det for lengst klart går til attvald rektor Svein Stølen. Dei seks andre går til fire eksterne representantar og to studentrepresentantar.
Les merDenne gongen stiller det mange kandidatar i styrevalet. Dei fast vitskaplege tilsette har seks kandidatar å velja mellom, dei teknisk-administrative har fem, medan dei mellombels vitskaplege tilsette har fire kandidatar.
Alle kandidatane står for viktige verdiar og prinsipp, og dei er einige om kor viktig det er med b

































































































