Uniforum
23.01.2023
I ytste konsekvens vil det seia at dei teknisk-administrative tilsette ikkje lenger har ein eigen representant i Universitetsstyret. Det er uheldig for universitetsdemokratiet.
Det var i august i fjor Uniforum først skreiv om universitetsstyrerepresentant Marianne Midthus Østbys jobbskifte frå å vera nestleiar i NTL på heiltid til å bli seksjonssjef under personaldirektøren. I førre veke fortalde me også om den tidlegare studentrepresentanten i Universitetsstyret, Karl Oskar Lie Bjerke som før han var ferdig med valperioden sin også hadde fått tilbod om ei ikkje utlyst stilling som kommunikasjonsrådgjevar for universitetsleiinga.
Les merÅ sitja i Universitetsstyret skal ikkje vera ein karriereveg mot toppstillingar på UiO
Det er ikkje akkurat nokon fordel for universitetsdemokratiet når universitetsstyrerepresentantar får tilbod frå universitetsleiinga om kremjobbar medan dei framleis sit i Universitetet i Oslos høgaste organ. Å sitja i Universitetsstyret skal ikkje vera ein karriereveg mot toppstillingar på UiO, men eit verv ein har for å gjera ein viktig innsats for dei som har valt deg til det ve


































































































