Og no litt over ni månader seinare har dagleg leiar og visedirektør Chunrong Liu kome på plass på eige kontor i tredje etasje i P. A. Munchs hus på Det humanistiske fakultetet. I etasjen over held verten, næraste leiar og direktør Rune Svarverud til. Han er også leiar for Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS).
Me treffer begge på instituttet og tar intervjuet på Rune Svarveruds kontor etter å ha sett skiltet Fudan-European Centre for China Studies som enno ikkje har kome opp på kontordøra til Chunrong Liu.
- Flyttinga til UiO vil gi oss ein ny dynamikk
Han uttrykkjer stor glede over å ha kome til Universitetet i Oslo.
- Hovudoppgåva vår er å setja forskarar som har dei same faglege interessene i kontakt med kvarandre. Flyttinga til Universitetet i Oslo vil gi oss ein ny dynamikk med forskjellige partnarar med forskjellige fokus. Samtidig vil det bli mykje kontinuitet og nyfikneforsking på den grøne agendaen, berekraft og klima, emne som eg ser fram til å leggja til rette for forskarar på Universitetet i Oslo. Det er mange som har felles faginteresse på sine område. Senteret har også ein europeisk profil, og som også er ein del av rammeverket vårt, fortel han.
Professor Rune Svarverud er både instituttleiar og Kina-ekspert.
- Det er viktig å kunna byggja på dei kontaktane du etablerte etter at du kom til København, fortel han og vender seg direkte til Chunrong Liu, før han held fram.
- Her på senteret kjem me til å hjelpa norske forskarar til å koma i kontakt med forskarar frå Kina. Me har store forven