Menneskerettsorganisasjonar håper at dette kan signalisere slutten på ein æra med blodig undertrykking i Etiopia. Andre, som Tomm Kristiansen i NRK, ser det som eit trekk for å betre landet sitt internasjonale image. Dagen derpå er ikkje utsiktene like lyse. Det er usikkert kva regimet eigentleg meiner med 'politiske fangar', og om dei i det heile har innrømma at dei har slike fangar. Mykje tyder på at lauslatinga ikkje er eit resultat av internasjonalt press, men eit framstøt i den store maktkampen som no går føre seg internt i regjeringspartiet.
Protestar i dei to største delstatane Oromia og Amhara har utfordra leiarskapen til regjeringspartiet Ethiopian People's Revolutionary Democratic Front (EPRDF). EPRDF, som har halde på makta sidan borgarkrigens slutt i 1991, har vore dominert av eitt av partia, den militære vinnaren i krigen, Tigray People's Liberation Front (TPL


































































































