- Det er 180 personar som har vore på LæreriNord sine kveldsmøte. No ringjer me rundt til kvar enkelt av dei for å høyra om dei søkte på ei av lærarutdanningane våre og kva for utdanning dei i så fall søkte på, fortel Gravrok, som i tillegg til å vera seniorrådgivar er prosjektleiar for LæreriNord
Fredag 28. april viste tala hennar at minst 33 prosent av dei som har søkt grunnskulelærar 1. - 7. på Nesna er personar som har skrive seg opp på liste etter at Nord universitet inviterte til kveldsmøte. For grunnskulelærar 5.-10. som generelt har stor nedgang i søkjartala, er over tjue prosent av søkjarane på Nesna knytt til LæreriNord.
Ressurskrevjande. Men
- Nord universitet har ein oppgang på fire prosent når ein ser på søkjartala til grunnskulelærar 1.-7. seier Gravrok.
Også barnehagelærarar er rekrutterte gjennom same prosjektet. Her har Gravrok førebels ikkje konkrete tal.
- Men dei som jobbar


































































































