Panorama Nyheter
26.10.2018
Görrel Espelunds Vita afrikaner gir eit godt innblikk i liv og situasjon for europearar som har blitt buande i afrikanske land etter avkoloniseringa. Men det kunne godt vere meir liv i forteljingane.
Den svenske journalisten og forfattaren Görrel Espelund har skrive ei bok om kvite afrikanarar, folk frå familiar med europeisk opphav som har levd i Kenya, Zambia og Zimbabwe i generasjonar. Boka består av portrett av og intervju med eit godt utval av svært ulike personlegdommar, frå eldre menn som meiner at alt var betre før til engasjert ungdom som gjer det til ei livssak å bidra i det Afrika dei er fødde i. Målet for Espelund, som har reist rundt i Afrika i fleire år, og som også har vore bidragsytar i Bistandsaktuelt, er å finne svar på kven dei er, dei kvite som har blitt verande i Afrika, og korleis dei ser på si historie, sin identitet og si framtid.
Les merEtter ein kort introduksjon til kappløpet om Afrika sist på 1800-talet, er Vita afrikaner delt i tre bolkar, ein for kvar av dei tre


































































































