MRSA er ei viktig årsak til helsetjenesteassosierte infeksjonar. Då dette blei oppdaga på 1960-talet, var førekomsten og funna av MRSA hovudsakleg avgrensa til helseinstitusjonar. Men i dei siste ti-åra har ein i aukande grad også funne bakterien utanfor helseinstitusjonar der han og kan spreiast og gi infeksjonar hos personar i ulike delar av samfunnet.
Det er ikkje klarlagt kva for faktorar som styrer smittespreiing av MRSA utanfor helsesektoren i land som Noreg og andre land der førekomsten av MRSA er låg. Spesielt har forskarane vore interesserte i å finne ut korleis auka menneskeleg mobilitet påverkar førekomsten i disse landa.
I perioden 2006-2015 blei talet av årleg rapporterte tilfelle nærast tredobla i Noreg til trass for aktive smitteverntiltak i


































































































