BUSKAP
29.01.2021
Innhald av organisk materiale i jordlaget 0-30 cm er i sum nokså likt, men ulikt fordelt, om det er langvarig eng, eller kortvarig eng som vert fornya med pløying. Langvarig eng verkar til høgare moldinnhald i det øvste laget, og til større vasslagringsevne. Langvarig eng kan ha god plantesetnad og avling når dreneringstilstand og luftporevolum er tilfredsstillande.
For å undersøkja kva avlingsmengde og avlingskvalitet som kan oppnåast på varig eng samanlikna med kortvarige engomlaup (3 og 6 engår), vart det i 1968 lagt ut feltforsøk på Særheim (Rogaland), Fureneset (Sogn og Fjordane) og Svanhovd (Finnmark). I forsøksfelta på Særheim og Fureneset vart det undersøkt verknad av to- og tre gonger slått utan beiting og to opplegg med vår- og/eller haustbeiting med sau eller storfe. Forsøksopplegget på Svanhovd var tilpassa ein kortare vekstsesong og resultata vert i denne artikkelen lite omtala. Forsøka har hatt inndeling i tre tidsperiodar; 19681991, 1992-2011 og 2016-2020. Feltet på Fureneset vart etablert på ny stad i 1974, då dreneringstilstanden ikkje var tilfredsstillande på første forsøksstad. Frå 1992 vart forsøksopplegget forenkla. Beiting i kombinasjon med slått vart teke bort. Husdyrgjødsel (gylle) kombinert med fullgjødsel kom med, mot at det tidlegare berre var ulik gjødsling med fullgjødsel. Det vart anlagt ny varig eng i tillegg til den som var med frå start.
Omtale av resultat frå første forsøksperiode
Oppsummering frå første forsøksperiode (1968/1974-1991) var at regelmessig pløying og fornying av enga etter 3 og 6 engår ikkje ga betring av avlingsmengde eller avlingskvalitet i forhold til varig eng. To slåttar og varsam haustbeiting med storfe (ungdyr) ga større avling enn tre slåttar, både i varig eng og i 6-årig engomlaup.
Forsøksopplegget frå 1992
V1: Varig eng utan fornying sidan forsøksstart (1968/1974)V2: Varig eng etter fornying i 1992 E6: 6-årig omlaup med eng, pløying og direkte attlegg E3: 3-årig omlaup med eng, pløying og di
Gå til medietOmtale av resultat frå første forsøksperiode