Din Hørsel
09.12.2022
Eg skulle bli 35 år og feire 20-årsjubileum som høyrselshemma før eg fant ut at eg hadde starta i «feil ende» på den lange reisa mot eit liv i stillheit.
Eg var 15 år og hadde heile verda for mine føter då eg akutt blei ramma av tinnitus på begge øyrene med tilhøyrande lydsensitivitet, nedsett toleranse for lyd og hyperakusis.
Ifølge HUNT 4-undersøkinga er så mange som kvar femte nordmann ramma av tinnitus. Tinnitus blir beskrive som ein eller fleire lyder berre du sjølv kan høyre.
Ofte opptrer tinnitus i lag med hyperakusis. Hyperakusis er ifølgje Hør-klinikken å oppleve lyder sterkare enn dei eigentleg er. Både tinnitus og hyperakusis rammer med ulik plagegrad.
Nokon blir så plaga at det reduserer livskvaliteten vesentleg. Det høyrer vi ikkje så mykje om.
Tilbake i 2001 leda time hos fastlege til utredning hos øre-nese-hals-spesialist etter berre nokon månader. Der blei eg grundig undersøkt med både bilete av hovudet, høyrselstest hos audiograf og fjerning av øyrevoks. Eg blei sendt heim igjen med ei diagnose som i utgangspunktet ikkje er nokon sjukdom, ei pute med innebygd høgtalar og ein lydgenerator med kunstig bølgeskvulp, syntetisk fuglesong og kvit støy.
Det var behandlinga. Vondt skal vondt fordrive. Så høyrde vi ikkje meir.
Tilbake satt eg. 15 år, skremt, engsteleg og livredd for lyd. Vatnet i dusjen, dundyna som knitra mot skuldrene på nettene, undervisninga på skulen, prat og sladder med venninner. Alt gjorde vondt. Lydputa og lydgeneratoren som skulle vere nummer ein behandling for min tinnitus, blei raskt bytta ut med høyrselsvern og eg sklei sakte, men sikkert vekk frå sosiale arenaer. Eg trakk
Gå til medietIfølge HUNT 4-undersøkinga er så mange som kvar femte nordmann ramma av tinnitus. Tinnitus blir beskrive som ein eller fleire lyder berre du sjølv kan høyre.