Svaret fekk universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen på Universitetet i Oslo til å oppfordra Kunnskapsdepartementet om å involvera fire av dei sjølvforvaltande universiteta og deira syn på modellen der dei må betala festeavgift til Opplysningsvesenets fond.
Betaler 9 millionar kroner i året i festeavgift
Den siste runden i historia om forholdet mellom Universitetet i Oslo og Opplysningsvesenets fond starta den 6. juli i fjor. Då sende UiO ein førespurnad til Kunnskapsdepartementet med ei oppfordring om å få grønt lys til å overta fleire tomter som UiO i dag må betala 9 millionar kroner i årleg festeavgift for til Opplysningsvesenets fond.
Kontrakten mellom UiO og Opplysningsvesenets fond er evig og kan ikkje seiast opp. Først i 2040 vil det vera mogleg å forhandla om storleiken på festeavgifta. Om UiO hadde kome seg ut av festekontrakten i 2023, og fått overtatt dei festa tomtene vederlagsfritt, ville UiO har spart 162 millionar kroner fram til 2040.
Avviste førespurnad frå UiO
Til saman står det universitetsbygningar som utgjer 70 000 k


































































































