Finansdepartementet si høyring om grunnrenteskatt i havbruk har frist etter at skatten skal vera innført.
Dette er et innlegg som gir uttrykk for skribentens meninger.
Forslag i ei svært viktig høyring, frå Fiskeridirektoratet, om store innstrammingar i kor det skal vera lov å fiska skal tre i kraft kort tid etter utløp av ein kort høyringsfrist.
Døme 1: Nærings- og fiskeridepartementet
I fjor haust sendte Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) ut ei omfattande, og svært viktig høyring; «Høring om sentrale tema for ny kvotemelding».
Høyringa gjaldt svært viktige spørsmål for fiskerinæringa. Mellom anna fordeling av fiskekvotar med verdi på cirka femti milliardar kroner.
Fleire organisasjonar, inkludert Noreg sin største fiskeriorganisasjon Norges Fiskarlag, bad om utsett frist. Departementet gav ikkje utsett svarfrist til nokon.
Norges Fiskarlag leverte høyringssvar tre veker etter fristen. Der hadde Fiskarlaget forslag/ønske som ikkje var foreslått i høyringsnotatet.
Den 20. desember svara Nærings- og fiskeridirektoratet med å senda forslaga på ny høyring. Altså høyring av høyringssvar. «Ny alternativ modell for strukturgevinstfordeling». NFD la til ei rekke nye, og kompliserte, p


































































































