AddToAny

Komplikasjon etter frenektomi

Frenulum er ein anatomisk struktur som inneheld kollagene fibrar. Eit høgt festa frenulum kan i enkeltkasus forårsaka drag i margo gingiva og såleis medverka til utvikling av gingivale retraksjonar. Frenektomi er eit kirurgisk inngrep som vert utført for å fjerna frenulum med tilhøyrande fiberfeste til periost og/eller til alveolært bein.
Føremålet med denne kasuistikken er å visa døme på ein komplikasjon etter frenektomi i underkjevefronten på ein pasient som tidlegare hadde fått utført kjeveortopedisk behandling, omtala den kirurgiske teknikken som var brukt til å behandla komplikasjonen og presentera «ver varsam-reglar» ved utføring av frenektomi.
Denne pasienten hadde tynn gingival vevstype, og for å minska risikoen for utvikling av labiale retraksjonar, vart det utført ein frenektomi. Under det kirurgiske inngrepet vart manglande alveolært beindekke på 31 eksponert og utilstrekkeleg sårlukking førte til utvikling av ein labial retraksjon. Komplikasjonen vart behandla med bindevevstransplantat og «konvolutt-teknikk». Ved frenektomi på pasientar med auka risiko for eksponering av beindehisensar, er det kritisk at avstanden mellom insisjonane ikkje vert for stor og at dei i hovudsak vert lagde i rørleg mukosa for å oppnå optimal sårlukking.
Gingival retraksjon er definert som ei apikal forflytting av margo gingiva frå ein normal posisjon på tannkrona til eit nivå apikalt for emalje-sement-grensa med blottlegging av rotoverflata (1). Det er mest vanleg at retraksjonar oppstår labialt (2). Påverknaden av gingiva er multifaktoriell og følgjeleg er det vanskeleg å trekkja fram ein mekanisme eller faktor som årsak til gingival retraksjon (3). I mange kasus vert likevel traumatisk tannpuss og plakkindusert periodontal inflammasjon vurderte som utløysande faktorar (4). Ei anna mogleg årsak er kjeveortopedisk behandling, og då særleg flytting av tenner til posisjonar utanfor labial eller lingval alveolær beinplate (5). Ei slik flytting kan føre til tap av alveolært bein eller utvikling av labiale/lingvale beindefektar (6). Om kjeveortopedisk tannflytting aleine er årsak til utvikling av gingivale retraksjonar, eller om andre faktorar som traumatisk børsting også må vera til stades, er eit uavklart spørsmål.
Eit høgt festa frenulum er ein anatomisk struktur som kan påverka margo gingiva og medverka til utvikling av gingivale retraksjonar (7). Frenulum er ein mukosafold som til vanleg inneheld kollagene fibrar som festar leppe og kinn til alveolære mukosa, og/ eller til gingiva og til periost. Eit frenulum kan utgjera eit problem om fibrane festar for nær margo gingiva. Ved aktivt strekk frå frenulum vert den marginale delen av gingiva trekt bort frå tannoverflata og såleis kunna føra til auka plakkakkumulering i sulkusområdet (8). Eit høgt festa frenulum vil dessutan kunna hemma tilgangen til optimalt dagleg reinhald. Det er mest vanleg å diagnostisera høgt festa frenulum mellom maksillære og mandibulære sentrale incisivar og i hjørnetann-/premolarområdet.
Uttrykka frenektomi og frenotomi beskriv kirurgiske inngrep med ulikt omfang. Frenektomi er total fjerning av frenulum med tilhøyrande fiberfeste til periost og alveolært bein. Frenotomi er ein meir overflatisk eksisjon av frenulum utan fjerning av djupt festa kollagene fibrar (8). Særleg ved frenektomi kan ein ved uheldig utføring av inngrepet eksponera delar av rotoverflata. Er rota utan alveolært beindekke frå det marginale mot det apikale, vert eksponeringa omtala som ein beindehisens. Har den eksponerte rota ei intakt beinsone marginalt, er dette eit døme på ein fenestrasjon.
Føremålet med denne kasuistikken er å visa døme på ein komplikasjon etter frenektomi i underkjevefronten, beskriva ein kirurgisk teknikk som
Gå til mediet

Flere saker fra Den norske tannlegeforenings Tidende

SNU-leder Jon Arne Gangvik-Østgård ønsket velkommen og ledet et arrangement med interessante og aktuelle innlegg.
Kollegahjelperne samlet til seminar:
For mange tannlegestudenter, inkludert meg selv, markerer siste studieår overgangen til arbeidslivet. Den første arbeidsavtalen skal signeres.
Retten til ammefri følger først og fremst av arbeidsmiljøloven § 12-8. Etter loven kan en kvinne som ammer sitt barn kreve den fri hun trenger av den grunn.
Arbeidsliv For arbeidsgivere innebærer dette en periode med økt usikkerhet og behov for bevisste valg. Kort om gjeldende rett Etter norsk rett skilles det mellom:

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt