Uniforum
27.10.2021
- For å løysa store utfordringar må me tenkja nytt og bruka ny teknologi. Det gjorde kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram klart då han opna Senter for data- og utrekningsvitskap på UiO i dag.
Det nyetablerte senteret for data og utrekningsvitskap dScience skal utvikla og sikra samarbeid på tvers av fag, sektorar og bransjar, går det fram av ein omtale av senteret på UiOs nettsider. Målet er at senteret skal driva forsking som skal gjera folk i stand til å forstå, mogleggjera og utnytta dei store datamengdene som omgir oss, noko som skal bidra til det beste for ei berekraftig samfunnsutvikling. TIl saman deltar 45 forskingsgrupper og 350 phd- og postdoktorkandidatar frå heile UiO i dette senteret går det fram av desse nettsidene. Dei som administrerer senteret har fått plass i Penalet, bygningen mellom Kristine Bonnevies hus og Georg Morgenstiernes hus på Blindern.
Les merMINGLING MED NÆRINGSLIVET: Studentar og forskarar og næringslivsfolk mingla i Realfagsbiblioteket før den offisielle opninga av dScience i Sophus Lies auditorium. (Foto: Ola Gamst Sæther)
Klokka 17.30 i kvel