Arbeidsmanden
16.06.2017
Aksepter, respekter og sjå oss. Det var bodskapet til reinhaldar Solveig Samuelsen som saman med NTL, NAF og Jonas Gahr Støre markerte reinhaldarane sin dag.
Mellom fanene til Norsk arbeidsmandsforbund og flagga til NTL og Fagforbundet var det ein heil del gule hanskar å sjå utanfor stortinget torsdag ettermiddag.
Les merOgså Ap-leiar og statministerkandidat Jonas Gahr Støre tok på seg ein gul hanske for å markere solidaritet med reinhaldarar, etter å ha vore med reinhaldarar på jobben:
- Eg har fått høyre om fagstoltheit, om viktigheita av å vere organisert og om at politikken spelar ei viktig rolle for å sikre seriøsiteten og anstendige løningar. Eg har også fått høyre om arbeidspress og dessverre alt for låge løningar. Difor seier eg som Arbeidsmandsforbundet i dag: Rettferd for reinhaldar, sa Støre.
Dette er de 25 dårligst betalte yrkene i Norge
Får ikkje løn mellom arbeidsstader
Ei av dei som heldt appell og som veit kva dette dreier seg om, er Solveig Samuels


































































































