131.-plassen i verda er likevel det nest beste resultatet UiO har hatt mellom 2010 og 2019, får Uniforum opplyst frå UiO sentralt. I Europa siglar UiO inn som nummer 49.
- Nøgde
Rektor Svein Stølen er tilfreds med plasseringa til Universitetet i Oslo.
- Me er nøgde med å framleis liggja høgt på Times Higher Education, som er ei av dei rangeringane som har best ord på seg. Samtidig er marginane små i slike rangeringar, og ei endring på ti plassar opp eller ned fortel oss lite om kvaliteten på arbeidet som vert gjort ved den enkelte institusjonen. For UiO er det viktige at me leverer på forsking og utdanning, understrekar Svein Stølen overfor Uniforum.
I ein gjennomgang UiO har gjort av dei ulike tala i rangeringa, viser det seg at det altså er svært små endringar på hovudindikatorane som er utdanning, forsking, siteringar og inntekter frå næringslivet. Der har det vore ein nedgang på 0,2 på utdanning, 0,4 på forsking og 1,2 på siteringar. Når det gjeld indikatoren internasjonalt mangfald aukar skåren med 2,2 prosent. Oversynet viser også at dei universiteta som tradisjonelt har lege på plassane rundt UiO, alle har gått ørlite opp sidan den førre rangeringa. Verken NTNU i Trondheim eller Universitetet i Bergen er med på lista over dei 200 beste universiteta i verda.
Fremst i Norden
Med 41.plassen sin går Karolinska Institutet ned ein plass samanlikna med fjorårets rangering. Det kjem på ellevteplass i Europa og ligg milevis framfor det nest beste nordiske universitetet, som er Helsingfors universitet på 96. plass. Karolinska Institutets rektor, Ole Petter Ott