AddToAny

Jussprofessor går hardt ut mot forslaget om å avgrensa innsynet i offentleglova

- Med det forslaget som er lagt fram, vil ikkje Stortinget lenger få sjå kva departement som er involverte i behandlinga av ei sak, som regjeringa skal ta stilling til.
Det sa jussprofessor Christoffer Conrad Eriksen frå UiO i Pressens hus i formiddag.

Det var rett før påske regjeringa ved Justis- og politidepartementet la fram eit forslag som vil uthola offentleglova og gjera det langt vanskelegare for journalistar og andre å finna ut om feil sakshandsaming og intern usemje i departementa.

Kort sagt inneber forslaget at det skal bli vanskelegare for norske borgarar å få greie på kva saker som den offentlege forvaltninga er i gang med enn det som er tilfellet i dag. No er intern sakshandsaming ein grunn til ikkje å gi innsyn i eit dokument. Men det har likevel vore mogleg å sjå kva saker som er under intern saksbehandling gjennom eit samla oversyn på nettportalen EInnsyn.

For unntaket frå innsyn i offentlege dokument i offentleglova paragraf 14 første ledd omfattar berre dokumentet, ikkje journalar eller andre register.

- Ein føresetnad for demokratisk rett til deltaking

Tidleg i dag inviterte fleire presseorganisasjonar til debatt om forslaget frå Justis- og politidepartementet. Møtet starta med ei innleiing frå professor Christoffer Conrad Eirksen frå Institutt for offentleg rett på UiO. Han gav forslaget det glatte lag, og peika på at det står i strid med tre viktige argument for innsyn som blei lagt fram av den første ytringsfridomskommisjonen i 1999:

- Det første er at innsyn er ein føresetnad for demokratisk rett til deltaking Det andre er at innsyn er ein føresetnad for fri meiningsutveksling om retten til å vera sjølvstendig og uavhengig av styresmaktene. Det er ikkje mogleg å vera heilt uavhengig om ein ikkje veit kva som går føre seg også bak dei stengde dørene. Det tredje er at innsyn også er ein føresetnad for kontroll av styresmaktene, understreka han.

- Spørsmålet er om grunnlaget er godt nok

Eriksen konkluderte med at ingen av desse grunngjevingane er nemnde i departementet sitt meldingsnotat.

- Nettopp desse tre grunngjevingane blir avgrensa av det som departementet no føreslår, peika han på.

Eriksen var klar på at av og til måtte dokument haldast unna innsyn.

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt