Foto: Ola Sæther
Dei seks millionar kronene gir forskargruppa til Ludvig A. Munthe på Institutt for klinisk medisin ved UiO høvet til å tilsetja to nye postdoktorar over tre år og midlar til dyre laboratorieforsøk.
- Det må bli personar med bakgrunn frå molekylærbiologi og som har kunnskap i bruk av dei apparata me brukar på laboratoriet vårt, seier Ludvig Munthe til Uniforum. No er han også ph.d.-koordinator for instituttet, samtidig som han er gruppeleiar ved Senter for immunregulering (CIR).
Rammar eldre over 60
Munthe er glad for at det no også blir investert pengar i forsking på ein krefttype som det ikkje blir skrive så mykje om som til dømes brystkreft og lungekreft.
- Det er jo forståeleg sidan brystkreft kan ramma ei av åtte kvinner i løpet av eit liv, medan lungekreft ofte heng saman med røykevanane til folk. Kreft i beinmergen, myelomatose, råkar som regel eldre over 60 år som må sjå på at kreftceller fortrengjer normal beinmerg og litt etter litt utholar og øydelegg beinvev, forklarar Munthe. Det er fleire teikn på at ein person har fått sjukdomen. - Først kan dei merka det at om dei dultar overarmen bort i noko hardt, så brekk dei armen, i staden for berre å f