Khrono
28.04.2023
- Kritikk frå Høgre for å drive ein aktiv distrikts- og Nord-Noreg-politikk er noko denne regjeringa lever svært godt med, skriv statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.
Kari-Anne Jønnes kjem i Khrono 11. april med ei klargjerande framstilling av sentrale skiljeliner mellom regjeringa og Høgre i politikken for høgare utdanning og forsking.
Les merHøgre er misnøgd med at styret i Noregs forskingsråd vart skifta ut som eitt av fleire tiltak for å få kontroll med det økonomiske uføret i rådet, men har ingen alternativ til korleis problema som vart skapte under Solberg-regjeringa, skulle løysast. Jønnes nemner ikkje at regjeringa i tillegg tilførte 1,64 milliardar kroner til forskingsrådet for å løyse krisa.
Høgre er ogs�


































































































