Uniforum
11.09.2019
Innovasjonsløft og arbeidsrelevans er to av dei sakene som skal opp i universitetsstyret i dag. Men det er diskusjonen om foreldrepermisjon for forskarar det har vore mest interesse for så langt.
Universitetsstyret er denne veka samla for første gong i haust. Medan gårsdagen gjekk med til seminar om Strategi 2030 i eit felles møte med dekanane, blir det eit ordinært styremøte frå i dag klokka 09.00 til 13.00.
Les merSosial innovasjon
Det er i hovudsak diskusjonssaker som kjem opp i møtet. Det første temaet styret skal drøfta er innhaldet i ein rapport med tittelen «Et inkluderende innovasjonsløft - sosial innovasjon ved Universitetet i Oslo». Etter handsaming i Universitetsstyret skal det utarbeidast ein handlingsplan for sosial innovasjon. Det arbeidet vil vera plassert hos Innovasjonsrådet som vert leia av viserektor Per Morten Sandset.
Neste diskusjonssak handlar også om innovasjon, nærare bestemt om status for innovasjonsarbeidet ved UiO. Der vil universitetsleiinga melda om status for fleire pågåande saker innanfor dette området, mellom anna oppretting