SKOG
31.01.2019
![Infisert frø kan gi sjukdom på småplanter Infisert frø kan gi sjukdom på småplanter](https://fagpressenytt.no/sites/default/files/styles/thumbnail/public/articles/print-infisert-f.png?itok=7A5xQImT)
Fleire soppsjukdomar på vanleg gran (Picea abies) og andre treartar kan verta overførte gjennom smitta frø. Likevel er det per i dag ikkje vanleg med behandling av skogsfrø, korkje i nasjonal eller internasjonal frøhandel.
Sirococcus conigenus er ein kjent skadegjerar på bartre i mange land. Etter funn av denne soppen i nokre norske frøparti av vanleg gran frå 2015, samarbeidar no Skogfrøverket med NIBIO for å finna fram til aktuelle tiltak. Førebels resultat tydar mellom anna på at eit beisemiddel som vert brukt mot frøoverførte sjukdomar i såkorn, har god effekt.
I TILLEGG TIL FUNN vi har gjort av Sirococcus conigenus på frø og frøplanter av vanleg gran, er det ikkje uvanleg å sjå sporehus av soppen på konglar (bilde1) og daude skot i skogsbestand. Vi har også funne soppen i frøparti av blågran (Picea pungens) og på frø og konglar (bilde 2) av nobeledelgran (Abies procera). Frå litteraturen er det kjent at soppen også går på furu (Pinus spp.) og andre bartre.
Sirococcus conigenus kan drepa frø, eller føra til at frøplantene visnar under eller like etter spiring (bilde 3). Planter i alle aldrar kan få angrep av soppen. Nokre gonger fører angrep av toppskot på
Gå til medietI TILLEGG TIL FUNN vi har gjort av Sirococcus conigenus på frø og frøplanter av vanleg gran, er det ikkje uvanleg å sjå sporehus av soppen på konglar (bilde1) og daude skot i skogsbestand. Vi har også funne soppen i frøparti av blågran (Picea pungens) og på frø og konglar (bilde 2) av nobeledelgran (Abies procera). Frå litteraturen er det kjent at soppen også går på furu (Pinus spp.) og andre bartre.
Sirococcus conigenus kan drepa frø, eller føra til at frøplantene visnar under eller like etter spiring (bilde 3). Planter i alle aldrar kan få angrep av soppen. Nokre gonger fører angrep av toppskot på