AddToAny

Ikkje einige om kategorisk avvising av føretaksmodellen

Ikkje einige om kategorisk avvising av føretaksmodellen
- Eg synest me går for langt i å vita kva som ikkje er rett medisin, når me samtidig seier at diagnosen ikkje er stilt, sa ekstern representant Idar Kreutzer i det ekstraordinære møtet i universitetsstyret i formiddag.
UEINIGE OM FORMULERING: Medlemane i universitetsstyret var ueinige i kor kontant dei skulle avvisa forslaget om føretaksmodell som tilknytingsform for universiteta og høgskulane i dagens ekstraordinære møte i Lucy Smiths hus.

Foto: Martin Toft

Idar Kreutzer fekk støtte frå rektor Svein Stølen, medan fleirtalet i i universitetsstyret gav han motbør då føretaksmodellen blei diskutert under det ekstraordinære møtet i dag.

Representantane var kalla inn for å koma med eit felles innspel frå UiO til mandatet til utvalet som forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, vil setja ned for å gå gjennom ei mogleg forenkling av regelverket for universiteta og høgskulane.

Idar Kreutzer meinte at utkastet frå UiO-leiinga var for kontant i å avvisa forslaget om ein eventuell føretaksmodell for universitets- og høgskulesektoren.

- Stengjer for at utvalet kan greia ut føretaksmodellen

Kreutzer var einig i at slik føretaksmodellen har fungert for helsesektoren, vil det ikkje vera ein tenleg modell for universiteta og høgskulane.

- Eg synest likevel at det vil vera betre å skriva at «så langt har me ikkje sett noko som tilseier at ein føretaksmodell kan løysa utfordringane våre.» Slik som det no er formulerert, stengjer me høvet utvalet sjølv har til å greia ut føretaksmodellen. I realiteten skal det ikkje vera ein del av mandatet til utvalet. Det synest eg er altfor tidleg. Eg synest me går for langt i å vita kva som ikkje er rett medisin, når me samtidig seier at diagnosen ikkje er stilt, sa han.

Rektor Svein Stølen var ganske einig i resonnementet: - Det vil vera vanskeleg for eit universitet som institusjon å seia at det ikkje er lov til å gjer

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt