Studiedraumen om bioteknologi ved NTNU brast etter at International Baccalaureate Organization (IBO) i år har nytta seg av ei spesiell metode for å rekne ut karaktersnitt.
Venus gjekk frå eit førespegla karaktersnitt på 60,4 til eit endeleg resultat på 54,4 med IBO si metode.
- Eg forventa aldri at dette skulle skje. Eg har vore oppgitt, frustrert og lei meg. Eg hadde stor tru på at eg skulle kome inn på det eg ønskte. Eg hadde håpt at Kunnskapsdepartementet hadde sett på saka og tatt eit val om å la oss søke med våre førespegla karakterar, som liknar mest på den norske standpunktkarakteren. Men ettersom tida har gått har eg mista håpet, seier Chon til Khrono.
- Veldig lyst å studere i Noreg
Difor søkte ho etterkvart på same studium i England, ved University of Manchester. Der har ho kome inn. Ho forklarer både at ho og andre ho kjenner har fått spesiell behandling av universiteta i England.
- Dei var klar over det som hadde skjedd med IB-elevane i år. Dei tok ei «case-by-case»-vurdering av meg. Dei snakka med meg og sjekka karakterane mine, og ville ta meg inn trass i at eg ikkje hadde gode nok karakterar i eit par av faga, seier Chon.
Universitetet i Manchester har gitt ho frist den 6. august til å melde frå om ho ønskjer både plassen og studentbustad. Likevel er det helst i Noreg ho ønskjer å studere.
- Eg har veldig lyst til å studere i Noreg, men viss ikkje det går, så er eg nødt til å takke ja til tilbodet i Englan