I år har vi spurt medlemmene av NTFs to utvalg, sentralt næringsutvalg (SNU) og sentralt forhandlingsutvalg (SF) om hva de vil anbefale Tidendes lesere å lese i sommer, og om de har noe de har lyst til å vise en turist som kommer til deres hjemsted. SFs leder, Farshad Alamdari har bidratt tidligere, i egenskap av hovedstyremedlem. Vi starter lengst nord og i vest, og slutter i øst.
Hege Myklebust Vartdal, nestleder i SF, bor i Ørsta
Lesetips
Eg er ein såkalla periodelesar. Grunnen til det er at det nesten er uråd å legge bort ei fengande bok. Då les eg frå morgon til kveld og vel bort andre gjeremål. Derfor les eg lite bøker til kvardags, eg har rett og slett ikkje tid.
Siste boka eg las var Svikne dagar av Elena Ferrante. Om lag 200 sider om svik og store kjensler passar godt når ein helst les heile boka i ein jafs. Dersom nokon enno ikkje har fått med seg Napoli-kvartetten av Ferrante, så vil eg tilrå å starte med boka Mi briljante veninne. Bøkene om dei italienske veninnene er omsett av Kristin Sørsdal. Ho nyttar nynorsk fordi ho meiner den målforma betre skildrar miljøet i Napoli.
Ei anna briljant bok som eg vil slå eit slag for, er De urolige av Linn Ullmann. Når Ullmann utleverer foreldra sine, så er det verdt å få med seg. Hovudpersonane Liv Ullmann og Ingmar Bergmann er blant dei største kjendisane i heile Skandinavia.
Neste bok eg vil lese er Hålke av Helene Uri. Boka er omtalt som ein psykologisk triller om eit ekteskap på tynn is. Etter at Uri førelas om godt språk og kom med skrivetips på arbeidsgivarkonferansen til Møre og Romsdal fylkeskommune, fekk eg lyst å bli betre kjend med forfattaren.
Når eg i sommar skal feriere i to veker på Costa Blanca, pakkar eg pocketbøker i kofferten. Eg gler meg til både krim og såkalla Narvesen-litteratur. Når det gjeld strandlektyre er eg altlesande!
God boksommar!
Besøke Ørsta
Eg bur i Ørsta, sjølve hjartet av Sunnmørsalpane. Dei majestetiske tindane og alpine formene lokkar til seg turistar både sommar og vinter. Dei mest eventyrlystne kan gjere som deltakarane i 71 grader nord og klatre på Bladet, ei tindenål i Molladalen. For oss med eit snev av høgdeskrekk er det nok av andre fjell og turmål å velje mellom.
Kvart år i august blir Saudehornet rett opp arrangert, eit motbakkeløp som startar i Ørsta sentrum og endar på toppen av fjellet 1303 meter over havet.
Eg vil tilrå overnatting på Hotell Union Øye som ligg i vakre Norangsdalen. Her er romma kalla opp etter keisarar, kongar, dronningar og eventyrarar som har sove her før. Styr unna Det blå rommet dersom du er redd spøkelse!
Kort sagt er Ørsta eit eldorado for eit friluftsmenneske. I tillegg er Ørsta fødestaden til sjølvaste Ivar Aasen. Er du glad i nynorsken eller ynskjer å lære meir, så legg turen innom Ivar


































































































