Bok og bibliotek
01.11.2018
Å tale og å tie omfattar fire essay, det mest sentrale er «Ettertanke etter Handke», som har sin bakgrunn striden om romanen Arv og miljø (2016) og tilhøyrande diskusjon om «virkelighetslitteraturen».
Den føreliggande samlinga er nok ikkje så forseggjort som forløparen Fryd og Fare (2013). Første teksten, om Alf Prøysen og Rolf Jacobsen, er for ein bagatell å rekne, men den fungerer greitt som appetittvekkar. Prøysen-delen er ei sjølvbiografisk skisse om ung glede ved Prøysens barnetimar og bøker. Vigdis Hjorth er fascinert av Rolf Jacobsens dikt, spesielt hans begeistring for tømmer, noko
organisk, som i Jacobsens univers står i rak livsfilosofisk motsetning til det
mekaniske.
Som mange andre var Hjorth overraska over det stilskiftet som kom hos Jacobsen etter konas død, med
Nattåpent (1985). Dette kan vel skuldast at Jacobsens tidlegare dikt nesten alltid handlar om ting (natur, teknikk)?
Meir kjøt og blod er det på omtalen av Agnar Mykle. Ho er usikker på Mykles politiske ståstad, skulle underteikna prøve seg, måtte det bli aristokratisk-romantisk sosialdemokrat, ein overklassesosialist. Ein slik posisjon kan passe som hand i hanske med den kvinnediskriminerande estetisismen hans Hjorth på overtydande vis peiker på. Samtidig er ho takksam for å ha fått innsyn i denne haldninga; dei til dels grove utslaga demonstrerer ifølgje Hjorth det ho nådelaust kallar «det mannlige blikk». Om Mykle med Lasso rundt fru Luna har gjort seg fortent til «betegnelsen politisk forfatt
Gå til medietorganisk, som i Jacobsens univers står i rak livsfilosofisk motsetning til det