Uniforum
24.04.2018
Årseining i portugisisk kan vera ein saga blott ved UiO. Det er klart etter at fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet har vedtatt å råda universitetsstyret til å leggja ned tilbodet.
LEGG NED: HF-styret ved Universitetet i Oslo gir universitetsstyret råd om å leggja ned årseininga i portugisisk. Biletet er frå Portugals hovudstad, Lisboa.
Les merFoto: Wikimedia Commons
Dermed har ikkje aksjonen for å redda årseininga i portugisisk ført fram så langt. Det siste håpet aksjonistane har, er at universitetsstyret ikkje vil fylgja tilrådinga frå fakultetsstyret på Det humanistiske fakultetet.
I januar tok ti forskarar både på og utanfor Universitetet i Oslo til orde for å redda faget portugisisk gjennom å tilsetja ein vitskapleg tilsett med spesialisering på Brasil.
Professor Benedicte Bull ved Norsk nettverk for Latin-Amerikaforsking på UiO, peika på vegner av underskrivarane p�