Det var den 18. mai UiO og Fudan University i fellesskap sparka i gang Fudan-europeisk senter for kinastudier (FECCS) på Det humanistiske fakultetet på UiO. Etableringa fekk kritikk frå blant andre Kina-ekspert og forskar emeritus Harald Bøckman. I NRK gjekk han hardt ut og meinte senteret ville bli ein reiskap for kinesiske interesser.
Bad statsråden svara om Kina-senter på UiO
Ti dagar etter opninga tok stortingsrepresentant Roy Steffensen (FrP), som også leier Utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget, opp saka i eit skriftleg spørsmål til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Der viser han til etableringa av det felles senteret på UiO. Og så spør han statsråd Henrik Asheim om det innanfor dette kinesisk-norske samarbeidet er full fridom til å ta opp Kina-kritiske tema, og om den akademiske fridomen og prinsippa i Universitets- og høgskulelova gjeld fullt ut på det senteret.
Svaret frå Henrik Asheim kom to veker seinare, den 9. juni. Der uttrykkjer han full tillit til at både institusjonane, forskarane og studentane vil ta vare på desse verdiane også i møte med kinesiske partnarar.
- Eg har stor tru på at institu