Foto: Ola Sæther
Det var sist torsdag Vitskapsakademiet skipa til ein debatt om kor mange utanlandske forskarar Noreg toler. Ein viktig del av diskusjonen handla om at mange utanlandske forskarar truleg ikkje kunne kommunisera godt nok på norsk, og dermed ville engelsk bli det naturlege kommunikasjonsspråket mellom norske og utanlandske forskarar.
* Les også i Uniforum: Ueinige om resultata av internasjonalisering i akademia
- Ei avsporing
Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth er leiar for Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES). Han var ein av dei som var til stades på debatten og som i klare ordelag tykte det var heilt greitt å bruka engelsk. Stenseth er ikkje særleg begeistra for debatten om internasjonalisering som blei starta i Uviten-spalta i Aftenposten av professor i statsvitskap, Øyvind Østerud.
- Heile internasjonaliser