Foto: Marthe Njåstad /På Høyden
- Eg har ingen planar om å mata duer i parken, seier Aarebrot til På Høyden om planane for pensjonistkvardagen.
Han er midt i røykepause nummer éin på dagens doble førelesing i Stat- og nasjonsbygging. Tittelen professor emeritus har han allereie fått. Men i dag er det siste ordinære førelesing for den folkekjære statsvitaren Aarebrot.
Det betyr at Egget ikkje berre er fylt med kunnskapstørste studentar, men at journalistar frå dei fleste av byens mediehus har tatt turen for å få med seg avslutningsførelesinga hans.
Aarebrot er sjølv ikkje klar for å legga bak seg undervisingsrolla endå.
- Eg håpar dette ikkje blir siste førelesning. Men det blir siste kor UiB slepp å betala for det. Eg vil gjerne fortsette med dette - og eg kan for så vidt godt gjera det gratis også. Eg får jo pensjonen min. Det burde gå an å finna ei løysing, seier Aarebrot.
Professoren er ikkje overbegeistra for