Denne skamma er forska på. Eller, rettare sagt har den franske sosiologen Marcel Mauss vist at der ting og tenester vert gitt frå ein person, eit folk eller ein institusjon til ein annan, må dette bli gjengjeldt. Elles vil mottakaren sitje att i ein skamfull og uverdig posisjon.
I teksten «Gaven» skriv Mauss at gåveutveksling består av tre element:
Plikta til å gi.
Plikta til å ta i mot.
Plikta til å gi tilbake.
Når alle tre delane er oppfylt er den gjensidige respekten stadfesta, og tillit kan oppstå.
Ein likeverdig gåve?
Vi skriv straks desember, og gåver er langt framme i pannelappen hos dei fleste. Også neste år planlegg Norge å gi nesten 40 milliardar i bistand. Er dette ei gåve? Bistand er ting eller tenester gitt frå ein part til ein annan. Og den kan bli sett på som pliktbasert, då det er ein tverrpolitisk vedtak om at 1 prosent av BNI skal brukast.
På kva måte, om nokon i det heile, har bistanden vi har gitt blitt gjengjeldt med ein likeverdig gåve frå mottakarane av norsk bistand? Eller har