AddToAny

Hans Petter Graver: - Ganske uvanleg og dramatisk

- Om dette hadde skjedd i Ungarn eller Polen, hadde nok både EU og Noreg kome med kritikk av at ein statsråd sparkar styret for Forskingsrådet, seier jussprofessor Hans Petter Graver.
- Eg synest den samanlikninga er mild sagt søkt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Det var i går det blei kjent gjennom ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet og eit oppslag i Aftenposten at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe hadde sparka heile styret for Forskingsrådet.

Grunngjevinga var den alvorlege økonomiske situasjonen til Forskingsrådet, og det blir vist til at Forskingsrådet ser ut til å gå samla med 275 millionar kroner i minus ved utgangen av 2022. Eit tilleggsmoment er at dei planlagde utbetalingane frå Forskingsrådet for 2022 og 2023 er langt høgare enn løyvingsnivået, på grunn av for høge tildelingar tidlegare år, går det fram av pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet. I eit innlegg både i Uniforum og i Aftenposten gjer det sparka styret det klart at dei stiller seg fullt og heilt bak økonomistyringa til Forskingsrådet. No har statsråd Ola Borten Moe utnemnt Cicero-direktør Kristin Halvorsen til leiar for det nye mellombelse styret.

- Dette er ganske uvanleg og dramatisk. Det er reaksjonen jussprofessor Hans Petter Graver ved Univesitetet i Oslo kjem med på måten forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har gått fram på i denne saka.

- Då tenkjer eg på den faglege sida for oss som jobbar med forvaltning. Me har ingen tradisjon i Noreg med at styringa av forvaltninga vert skifta ut med skiftande politiske prioriteringar, understrekar han.

- Har aldri høyrt om det før

- Eg har aldri høyrt før at departementet har overstyrt eit forvaltningsorgan slik. Når ein vel å organisera eit forvaltningsorgan med eit styre, er det som regel for at den politiske styringa skal vera prinsipiell og langsiktig og konsentrera seg om dei lange linjene, understrekar han. - Å skifta ut eit styre er noko som vanlegvis krev at det vert avslørt misleghald eller grov svikt i styrets handsaming av oppgåvene sine, legg han til.

- Oppsiktsvekkjande

Hans Petter Graver tykkjer det er spesielt at det ikkje hadde skjedd noko spesielt i Forskingsrådet før avgjerda blei tatt.

- Så når det gjeld forvaltningspraksisen i denne saka er dette oppsiktsvekkjande, synest Graver.

Men han trekkjer også fram ein annan ting som skil saka ut frå andre saker.

- Saka er også oppsiktsvekkjande utifrå spørsmålet om akademisk og fagleg fridom. Utskifting av styret er eit signal om at regjeringa ynskjer tettare «hands on»-styring av Forskingsrådet enn det som har vore tilfellet før, er vurderinga til Hans Petter Graver.

- Tettare styring og auka politisering

- No ser det ut som det blir tettare styring og auka politisering av finansieringa og måten Forskingsrådet

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt