BUSKAP
07.12.2021
I år har grovfôret høgre innhald av råprotein og PBV (proteinbalansen i vomma) enn dei førre to åra. Sjekk difor ut eige fôr og pass på at totalrasjonen ikkje kjem for høgt.
Generelt har det vore eit godt fôrår. Avlingane har for det meste vore veldig gode, sjølv om det enkelte plassar, særleg på sandrik jord, har vore tørt og mindre avlingar. Av større område så er det 2.slåtten på Austlandet som har merka mest til tørken. Motsett er det meldt om rekordavlingar hos enkeltprodusentar. Fin sommar har gitt bra innhaustingsforhold, og det ser vi att på tørrstoffverdiane som viser meir fortørka gras enn normalt. Det er no analysert omlag 8 000 prøver totalt så det bør gi eit godt grunnlag for å kunne sei noko om korleis fôrkvaliteten ser ut i vinter.
Høgt tørrstoff på 2.slåtten
Tabell 1 viser resultat av fôranalysane hittil i år for 1.og 2.slåtten på landsbasis. I fjor var det spesielt bra hausteforhold på 1.slåtten og det gav god fortørking og høgt tørrstoff, medan 2.slåtten var meir normal. I år er det omsnudd; 2. slåtten har tørrstoff på landsbasis på 38,3 prosent medan 1.slåtten er nesten nede på normalnivå med 34,4 prosent. Lågast tørrstoff er det i Vestland og Møre og Romsdal på 1.slåtten med verdiar på respektive 30,5 og 30,9 prosent. God fortørking (opp mot 40 prosent) er ønskjeleg fordi det gir dårlegare forhold for bakteriar; mindre gjæring og meir sukker. Dette gir god smak på fôret, høgre fôropptak og betre feittprosent i mjølka. Fortørkinga må gå raskt for å unngå tap av næringsstoff i graset medan det ligg på jordet. Dersom tørrstoffet blir for høgt gir det vanskelegare ensileringsforhold som lett kan gå ut over den hygieniske kvaliteten i fôret (mugg og gjærsopp). Fylka Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, og Agder har tørrstoffverdiar mellom 40 og 50 prosent på 2.slåtten og må vere spesielt obs på dette.
Sukker og ammoniakk
Med godt fortørka gras (30-35 prosent) får vi mindre gjæringsprodukt og meir sukker i fôret. Generelt ser innhaldet av syrer greitt ut. Innhaldet av sukker er høgt på 2.slå
Gå til medietHøgt tørrstoff på 2.slåtten