Foto: Ola Sæther
Det einaste som får temperaturen til å auka litt mellom dei to kandidatane er framleis diskusjonen om studentar skal få automatisk eksamensgrunngjeving og synet på om det er mogleg å fjerna alle mellombelse stillingar.
- Også me vil ha færrast mogleg mellombelse stillingar, men me trur ikkje det er mogleg å koma ned i null slike stillingar, sa rektorkandidat Svein Stølen under valdebatten i Gamle festsal i Urbygningen på tysdag. Motkandidat Hans Petter Graver var nøgd med at han natta før hadde fått uventa draghjelp frå regjeringa. - Deira visjon er også å få redusert talet på mellombelse stillingar i akademia ved å foreslå endringar i Tenestemannslova. Dermed blir det ikkje lenger mogleg å halda fram med dagens praksis, meinte han.
Dei 60 personane som hadde møtt opp, fekk høyra kandidatane snakka om forsking, utdanning og om administrative rutinar på universitetet.