NLR har eit tilbod om individuell rådgivingsavtale, Bedre Grovfôr. Dei tilbyr prognoseprøvar før fyrste og andre slått, gardsbesøk mot fyrste og andre slått, to fôrprøvar, samt gjennomgang av sesongen.
Kva nyttar bøndene på eigen gard, plansilo, tårnsilo eller rundballar? Eller er det ein kombinasjon som er mest aktuelt? Lykkast dei med alle detaljane før slåtten startar, og kva gjer dei med all plasten?
Rett gjødsling og slåttetidspunkt
Pensjonist eller ei, Ragnvald Gramstad ivrar framleis for grovfôret. Den tidlegare rådgivaren meiner mange bønder kan gjere meir for å betre kvaliteten. Mange faktorar spelar inn.
God kvalitet vil vise att i lommeboka, meiner han.
- Eit mål bør vere å sikre ein fôreiningskonsentrasjon på rundt 0,90, på alle slåttar. Rett nitrogengjødsling betyr mykje. Med rett gjødsling og slåttetidspunkt bør ein kunne sikre eit proteininnhald på 15-16 prosent per fôrenheter melk (FEm). Då må ein sjølvsagt vere heldig med vêret under slåtten, seier Gramstad.
God gjæring
Gramstad tilrår stubbehøgd på 8-10 cm, og kort tørketid på bakken for å oppnå ein tørrstoffprosent frå 28 til 32 prosent.
- Med redusert fortørking, må ein bruke ensileringsmiddel. Det er viktig for å sikre god gjæring og redusere tapet av energi i fôret. Det viser mange forsøk som er gjort på dette, seier han.
Gramstad meiner Kofasil-produkt med fordel kan nyttast i plansiloar og