BUSKAP
29.01.2021
Alle ynskjer seg friske, produktive kyr med høg livstidsproduksjon. For å få til dette, bør ein ha ein plan for kvigekalven frå den er fødd, overvaka tilveksten regelmessig og gjera endringar undervegs dersom det er naudsynt.
Kvigeoppdrettet utgjer den nest største kostnaden i mjølkeproduksjonen (15 -20 prosent), etter fôrkostnad til mjølkekyrne. Med ein smart strategi for kvigeoppdrettet, kan det vera mykje pengar å henta i form av kalving ved lågare alder, høgare mjølkeproduksjon og meir haldbare dyr.
Jon Kristian Sommerseth har tatt doktorgrad på kvigeoppdrett, og han slår fast at det er berre å la NRF-kviga veksa godt slik at ho er stor nok til inseminering (390 - 400 kilogram/166 - 170 cm brystmål) ved 13 månaders alder og kalving ved 22 månaders alder (560 - 580 kilogram /191- 193cm brystmål) dersom det elles passar inn i driftsopplegget.
- Dette treng ikkje vera vanskeleg. Me må gjera det enkelt og setja oss mål og delmål, og når me lukkast på kvigesida med god tilvekst og riktig hold, då kjem ofte ytinga av seg sjølv, seier Jon Kristian. Han er sjølv oppvaksen på mjølkegard i Nordland, og tok over drifta der 1. august i år. No jobbar han 50 prosent i Tine, men har hatt full stilling i Tine rådgiving og medlem i 11 år med unntak av 3,5 år då han utførte doktorgradsarbeidet sitt.
Gunstig med høg tilvekst fram til inseminering
I Noreg er gjennomsnittsalderen på førstekalvarar 26 månader, og noko av grunnen til at kvigene er
Gå til medietJon Kristian Sommerseth har tatt doktorgrad på kvigeoppdrett, og han slår fast at det er berre å la NRF-kviga veksa godt slik at ho er stor nok til inseminering (390 - 400 kilogram/166 - 170 cm brystmål) ved 13 månaders alder og kalving ved 22 månaders alder (560 - 580 kilogram /191- 193cm brystmål) dersom det elles passar inn i driftsopplegget.