Uniforum
02.11.2017
- Eg er svært glad for at me får opna klinikkane. Det seier Karethe Hustad Hansen, som er leiar for fagutvalet til profesjonsstudentane på Psykologisk institutt, i ein kommentar til at klinikkdrifta tar til igjen på måndag.
MISTA TID: - Me har vore veldig klare på at kvaliteten på utdanninga ikkje skal reduserast av stenginga. Det er likevel ikkje til å koma unna at studentane har mista verdifull tid, og at det hadde vore betre om dette var unngått, understrekar Karethe Hustad Hansen, som er leiar for fagutvalet for profesjonsstudentane i psykologi ved UiO.
Les merFoto: Ola Sæther
Det var den 10. oktober universitetsleiinga bestemte at klinikkane på Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo måtte stengjast straks. Samtidig gav universitetsleiinga Kluge Advokatfirma i oppdrag å laga ei juridisk vurdering av situasjonen på klinikkane og om dei hadde drive i strid med lovverket. Internrevisjonen fekk i oppdrag å laga ein rapport om forholda på klinikkane ved Psykologisk institutt.
* * Begge rapportane kom med knusande vurderingar av korleis klinikkane på Psykologisk institutt var blitt drivne. Eit viktig ankepunkt var at det var åtte større eller mindre avvik på ni forskjellige lover og retningslinjer.
Universitetssty