Dette rådet frå far til son står i Kongsspegelen. Det blei skrive ned på 1200-talet, men er like aktuelt i dag.
No er nemleg eit framlegg til ny lov for universitet og høgskular ute på høyring. I NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler er eit heilt kapittel vigd norsk fagspråk. I dette kapittelet forklarar universitets- og høgskulelovutvalet kvifor det er viktig å vidareføre § 1-7 i den gjeldande lova, som slår fast at universitet og høgskular har ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk.
Det er viktig at denne føresegna blir vidareført, men det bør presiserast kva som ligg i dette ansvaret. Difor har Språkrådet i høyringssvaret sitt til NOU-en kome med framlegg om endring av ordlyden i føresegna som inneber at universitet og høgskular får ansvar for å bruke, utvikle og tilgjengeleggjere norsk fagspråk. Vi tilrår denne endringa fordi universitets- og høgskulesektoren har hatt vanskar me