Bok og bibliotek
07.02.2019
Overdagspengar på biblioteket er praksis over det ganske land. Men det skapar konflikt, stenger folk ute og tek opp verdifull tid, meiner kritikarane. Og no er det fleire bibliotek som tek til å endre på den.
Å få eit straffegebyr for å ikkje levere bibliotekbøker i tide, er om lag like tradisjonsrikt som det å få seg eit lånekort på biblioteket i seg sjølv. Men no møter praksisen motbør verda over, og vert kalla usosial og eit hinder for sjølve kjerneoppgåvene til biblioteket.
Lite kunnskap
Det er nesten like mange modellar for overdagspengar som det er bibliotek, men dei alle fleste har ei form for gebyr om ein leverer for seint. Mange har eit lågare gebyr for born, og det er ulikt om ein får låne nye bøker eller ikkje før ein har betalt for seg.
- Dette er ein praksis som er så utbredt og langvarig, at ein ser på den som sjølvsagt. Men me veit lite om den verkar som forventa, seier Nina Stenbro.
Ho er rådgjevar ved fylkesbiblioteket i Vest-Agder og ein av fleire som engasjerte seg i debatten etter eit innlegg på bloggen Biblioteket tar saka.
- Me treng eit kunnskapsgrunnlag som seier noko om meir enn det økonomiske. Om kva det gjer med biblioteksbruken, omdømet til biblioteket og om relasjonen til brukarane, seier ho.
For det er klart at overdagspengar kan gje biblioteka ei viss inntekt, noko som for mange kan vere viktig i møte med kommunen sitt krav om inntening. Men verkar dei for å halde omløpshastigheita oppe og svinnet nede?
- Det er eit for dårleg verkemiddel for omløpshastigheita, og det har uansett vore ei markant nedgang i talet på purringar dei siste åra på grunn av betre rutinar for å minne på når lånetida er ute og at ein kan forlenge lånet digitalt, seier biblioteksjef ved Tønsberg og Færder bibli
Gå til medietLite kunnskap