Bedre Skole
18.03.2022
Forsking på fysisk aktiv læring viser at elevar gjer det like bra eller betre på testar som måler fagleg læringsutbyte i matematikk, når fysisk aktiv læring er nytta som del av undervisninga. Spørsmålet er korleis slike funn kan bidra til å realisere måla for matematikk i den nye læreplanen.
Evidens er ingen garanti for å skape god praksis, men kan bidra med perspektiv for å svare på kva for nokre undervisningsmetodar som er støttande for opplæring i skulen. I denne artikkelen skal vi ta føre oss læreplanen LK20 sitt syn på læring og utvikling, og undersøke korleis funn frå litteratur om fysisk aktiv læring (FAL) kan bidra til å realisere undervisningsmetodar innanfor matematikkfaget i den nye læreplanen. Vi skal utforske problemstillinga ved å gå gjennom forskingslitteratur som tek føre seg korleis FAL påverkar elevar si læring i matematikk. Studiane som er inkluderte, er frå 2015 eller seinare. Dei handlar om relevante tema innanfor FAL i matematikk og inkluderer elevar frå 5 til 16 år innanfor barne- og ungdomsskulen. Til saman er 7 oversikts- og 12 enkeltstudiar inkluderte. Før vi kjem attende til funn og drøfting, vil vi kort ta føre oss synet på læring og utvikling slik det viser seg i LK20 og FAL.
Læreplan LK20
Læreplanverket LK20 byggjer på Ludvigsen-utvalet sine utgreiingar om kva kompetanse, ferdigheit og kvalifikasjonar som er sentrale for framtidas samfunn (NOU 2014:7; NOU 2015:8). Til grunn for utvalet sitt arbeid ligg eit breitt kompetanseomgrep som rommar kognitive, sosiale og emosjonelle aspekt (NOU 2015:8). Dette kan tolkast som ein intensjon om at elevar skal lære, erfare og oppleve gjennom det kognitive, sosiale og praktiske. Sjølv om det enno rår uklarheit omkring kunnskapssynet og kompetanseomgrep for læreplanen (t.d. Dahl mfl., 2019; Karseth mfl., 2020), tolkar vi det slik at norsk skulepolitikk beveger seg i ei retning som i større grad opnar for ulike inngangar for å nå mangfaldet i skulen. Med LK20 si tydelegare vektlegging av eleven si læring og utvikling, er det passande å stille spørsmål ved kva for undervisningsmetodar som kan støtte kjerneelementa og kompetansemåla i matematikkfaget.
Fysisk aktiv læring i matematikk
FAL har vakse fram frå eit behov om å finne nye måtar å auke mengda fysisk aktivitet i løpet av skuledagen på (Beets mfl., 2016). FAL kan ha ulike tydingar hos ulike forskarar (t.d. Norris mfl., 2019; Bartholomew & Jowers, 2011; Webster mfl., 2015). Vi tek utgangspunkt i Watson mfl. (2017, s. 3) sin definisjon og nyttar FAL som integrering av fysisk aktivitet i læringsaktivitetar. Tradisjonelt sett har fysisk aktivitet i norsk skule vore knytt til kroppsøving, fysak og liknande, men slik Watson (2017) med kollega beskriv, handlar FAL om å integrere fysisk aktivitet i læringsaktivitetar for eit fagleg føremål.
Sidan 2015 er det publisert sju oversiktsartiklar som tek føre seg studiar der FAL er nytta som metode i matematikkundervisning. To av dei, Sneck mfl. (2019) og Vetter mfl. (2020), tek utelukkande føre seg FAL i matematikkfaget. Hovudkonklusjonen er at elevar gjer det like bra, eller betre, på testar som måler fagleg framgang i matematikk når FAL er nytta i undervisinga (Chacón-Cuberos mfl., 2020; Daly-Smith mfl., 2018; Norris mfl., 2019; Singh mfl., 2018; Sneck mfl., 2019; Vetter mfl., 2020; Watson mfl., 2017). Vidare vil vi drøfte kva slike funn kan bety for undervisningsmetodar i matematikk. Dette gjer vi strukturert i to tematiserande overskrifter, inspirert av LK20.
Innlæring, memorering og djupnelæring
Ein fellesnemnar for dei inkluderte studiane er at FAL skal bidra til å dekkje eit læringsmål. Studiane nyttar ulike aktivitetar med ulik integrering av fysisk aktivitet, intensitet og bevegelse. Dei fleste av studiane syner kjente aktivitetar og leikar med fagleg innhald der elevar er engasjerte med heile kroppen (Daly-Smith mfl., 2018; Elofsson mfl., 2018; Hraste mfl., 2018; Norris mfl., 2019). Døme på slike aktivitetar er elevar som lærer gongetabellen ved å hoppe i rutenett med tal i kvar rute. Et anna døme er subtraksjonsstafett, der elevar skal finne tal-erteposar som passar reknestykket. Andre studiar fokuserer på eit klasserom fritt frå rammer, slik vi normalt kjenner det med stolar og pultar (Mead & Scibora, 2016). I staden for stolar sit elevane på yogaball, eller oppgåver står på ark som heng på veggane, i staden for å liggje på pultane. Ein studie viser til aktivitetar der elevane er fysisk aktive med bruk av hender (det vi kan kalle for det finmotoriske) (Beck mfl., 2016). Eit døme på slike aktivitetar er at elevar lærer multiplikasjon ved å byggje med legoklossar. Funn peiker på at minnet kan vere positivt påverka når fysisk aktivitet er nytta for å oppnå eit læringsmål. Slik tyder studiane på like god eller betre innlæring og memorering av rekning med ulike rekneartar. I tillegg til ei betre innlæring og memorering finn ei
Gå til medietLæreplan LK20