Dei som kom fem minutt for tidleg, kom for seint til å få med seg opninga av seminaret Verda med Trump med UiO-rektor Ole Petter Ottersen i Litteraturhuset i går kveld. SV-fakultetet hadde invitert forskarane Hilde Restad frå Bjørknes høyskole, Carl Henrik Knutsen og Cathrine Thorleifson frå UiO og Iver Neumann frå London School of Economics til å diskutera forskjellige sider og konsekvensar av USAs president Donald Trump sin politikk.
Amerikansk eksepsjonalisme
USA-ekspert Hilde Restad tok først tak i det ho kalla for amerikansk eksepsjonalisme.
- Først må me spørja oss kvifor det er så mange tryggingsrådgjevarar og andre ekspertar langt inne i Det republikanske partiet som seier at dei aldri vil jobba for Donald Trump. Svaret er at dei står for amerikansk eksepsjonalisme, medan Donald Trump ikkje gjer det. Kort sagt går det ut på at dei ser på amerikanske verdiar som moralsk overlegne alle andre land sine verdiar, og at USAs oppgåve er å spela ei spesiell rolle i verdshistoria. Det har altså ingenting med etnisitet å gjera, men heller basert på kva USA er som nasjon.
- I Europa handlar derimot identitet om språk,